Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTråi, Silje
dc.date.accessioned2019-06-22T00:31:37Z
dc.date.available2019-06-22T00:31:37Z
dc.date.issued2019-06-22
dc.date.submitted2019-06-21T22:00:09Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20350
dc.description.abstractBevis har spelt ei sentral rolle i utvikling av matematikken, og kan seiast å danne grunnlaget for kvifor matematikken er som den er. Bevisa viser kvifor formlar og teorem stemmer, men dei har fleire roller utover dette; dei formidlar metodane, verktøya, strategiane og konsepta som ofte vert sett på som essensen i matematikk. Bevis kan av denne grunn seiast å vere ein essensiell del av det å lære matematikk. Det er tidligare gjort lite forsking kring temaet bevis i den norske vidaregåande skulen, og det er ein del av dette tomrommet denne oppgåva har til hensikt å fylle. Formålet med oppgåva har vore å undersøke kva roller lærarar tillegg bevis i matematikk og korleis dei implementerer bevis i si undervising. Det har vore særleg ynskja å få innsikt i lærarar si oppfatning av bevis som læringsressurs; om arbeid med bevis er noko lærarar tenkjer kan fasilitere forståing av samanhengane i matematikken. Problemstillinga er: Kva didaktiske refleksjonar gjer lærarar seg kring bruk av bevis i matematikkundervisinga? Det har vore ynskja å få ei djup innsikt i lærarar sine refleksjonar kring bevis i matematikkundervising, og ei kvalitativ tilnærming vart derfor nytta. Tre lærarar frå to ulike vidaregåande skular i Hordaland og Sogn og Fjordane har vore intervjua, i tillegg til at det er utført observasjon i kvar av lærarane sitt klasserom. I analyse av intervju og observasjon vart det nytta ei abduktiv tilnærming. Datamateriale vart analysert både ved hjelp av deduktive kodar med grunnlag i teori kring bevis si rolle i undervising, og induktive kodar utforma med grunnlag i datamaterialet. Funn frå analysen tyder på at bevis spelar ei sentral rolle i undervising, då spesielt for å forklare matematiske samanhengar til elevar. Lærarane inkluderte bevis i si undervising av den grunn at dette kunne gje elevar innsikt i matematikken sin eigenart og fasilitere forståing av matematikk. Gjennom bevisa fekk elevane innsikt i argumentasjonen bak teorem, formlar og prosedyrar dei nytta i matematikken. Elevane kunne dermed sjå samanhengane mellom matematikken sine mange sider, samstundes som dette var noko som fremja kritisk- og metakognitiv tenking og djupnelæring. Bevis og bevisføring er noko lærarane hevda elevar streva med, det å motivere elevar til arbeid med bevis var derfor peika på som ei utfordring. I arbeid med bevis vart derfor visuelle representasjonar og forklaringar peika på som gode hjelpemiddel, då dette kunne gjere bevis meir tilgjengeleg for elevane. Bevis er ikkje i særleg grad prioritert i læreplanen, noko som gjorde tid til ei utfordring for lærarane. I førebuing til eksamen og gjennomgang av dei andre delane av pensum, var bevis noko som kunne felle vekk frå lærarane si undervising.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleBevis i undervising av realfagsmatematikk i vidaregåande skule
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-21T22:00:09Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i matematikken_US
dc.description.localcodeMAT399K
dc.description.localcodeMAMN-LÆRE
dc.description.localcodeMAMN-MAT
dc.subject.nus753109
fs.subjectcodeMAT399K
fs.unitcode12-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel