Show simple item record

dc.contributor.authorErdal, Tone Berqvam
dc.date.accessioned2019-06-25T00:31:46Z
dc.date.available2019-06-25T00:31:46Z
dc.date.issued2019-06-22
dc.date.submitted2019-06-21T22:00:06Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20397
dc.descriptionRevised version: some spelling errors corrected.
dc.description.abstractI masterprosjektet har eg forsøkt å finne ut kva utfordringar P elevar møter på eksamen, og kva førebuingar ein kan gjere for å prestere godt på eksamen. Med P elevar meiner eg dei elevane som vel praktisk matematikk på retninga for studiespesialiserande på vidaregåande. Forskingsspørsmåla i oppgåva har vore: 1. Kva for utfordringar får P elevar på eksamen? 2. Kva trur elevane sjølv skal til for å bli betre til å løyse matematikkoppgåver? 3. Korleis kan elevane verte best mogleg budde til eksamen? I arbeidet har eg sett på 3 ulike eksamenar. Våren 2017 har eg studert 1P eksamen og 2P/2P-Y eksamen, medan våren 2018 var det 2P-Y eksamen eg såg på. Det er ulike elevar som har hatt dei ulike eksamenane og eg har studert dei frå noko ulike synsvinklar. Det var løysingane til 26 kandidatar på 1P og 14 på 2P/2P-Y eksamen som vart studert kvantitativt våren 2017. Eg har sett på kva utfordringar dei fekk, men ikkje knytt det mot einskildpersonar. Våren 2018 studerte eg oppgåvene meir kvalitativt, der har eg teke med svara til dei 4 elevane som vart intervjua i prosjektet og kva utfordringar dei møtte på eksamen. Utfordringane elevane møtte på eksamen var fleire. Dei fekk faglege utfordringar på fleire punkt, dei fekk problem med å verte ferdig innanfor tidsramma, og dei svarte ikkje alltid på spørsmåla i oppgåvene. Dei hadde heller ikkje klart for seg korleis dei skulle gripe an oppgåvene effektivt, og føre inn tilstrekkeleg med mellomrekningar eller kommandoar. I tillegg til å studere eksamenane til elevane, har eg gjort ei stor spørjeundersøking på 4 ulike skular. 394 elevar frå vg2 har svart på spørjeskjemaet. Målet med undersøkinga var å finne kva aspekt elevane sjølv meinte kunne gjere dei betre til å løyse matematikkoppgåver, og om nokre av punkta gjev betra karakterar. Elevane trakk fram «innsats», «å ikkje gje opp når ein står fast», «lære problemløysing» og «betre gjennomgang» som dei fire viktigaste punkta for å kunne verte betre i matematikk. Tema som uro, foreldrepåverknad, lærarpåverknad, heimarbeid m.m. var og noko elevane nemnde i undersøkinga. Elementa vert drøfta i oppgåva. For at elevane skal vere godt budde til utfordringane dei får på eksamen må dei ha god fagleg kunnskap i relevante kompetansemål, og dei må vere kjende med krava for føringar til eksamen. Dette krev innsats i løpet av skulegangen. Kva som får elevane til å yte det som trengs, og kva som motiverer kvar einskild kan vere ulikt, nokre av punkta vil verte trekt fram i oppgåva.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleUtfordringar P-elevar møter på matematikkeksamen. Førebuingar som kan nytte.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-21T22:00:06Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgave i matematikkdidatikken_US
dc.description.localcodeMAT699
dc.description.localcodeVID-MAUMAT
dc.subject.nus753199
fs.subjectcodeMAT699
fs.unitcode12-11-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record