• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Faculty of Medicine
  • Department of Global Public Health and Primary Care
  • Department of Global Public Health and Primary Care
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Faculty of Medicine
  • Department of Global Public Health and Primary Care
  • Department of Global Public Health and Primary Care
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Akutt Ambulant Team - kva innverknad kan opningstida ha?

Røssland, Hege Lægreid
Master thesis
Thumbnail
Åpne
master thesis (734.3Kb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/21225
Utgivelsesdato
2011-03
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Department of Global Public Health and Primary Care [3511]
Sammendrag
Bakgrunn: Psykisk helsevern har dei siste tiåra gjennomført ein modernisering og omstilling av sine behandlingstilbod frå tradisjonell institusjonsbehandling til meir polikliniske og ambulante tenester. Det har vore satsa på etablering av Akutt Ambulant Team i dei fleste helseføretaka. Det er store forskjellar og mykje er uklart med omsyn til organisering og drift av teama, ikkje minst kompetanse og opningstid. Det er lite kunnskap om kva innverknad ulike organisasjonsmodellane har, og korleis dette påverkar dei tradisjonelle institusjonstilboda. Formål: Eg ønskjer med denne studien og utforska kva påverknad ulik opningstid og kompetanse i team har i høve innleggingar, opphaldsdøgn i institusjon og diagnosefordeling i teamet si pasientgruppe. Eg vil analysera sentrale nøkkeltal frå to DPS – områder og vurdera kor vidt det er forskjellar på aktivitetsdata som kan tilskrivast forskjellen i organisering ved desse to DPSa. Aktivtetsdata frå 2009 for team ved Aust – Agder DPS og Haugaland / Karmøy DPS er henta frå pasientjournalsystem og det same for akuttavdelingar ved sjukehusavdelingar i Haugesund og Arendal. Statistikkar på sengeplassar og opphaldsdøger frå Samdatarapport 2009. Deskriptiv tverrsnitt design. Samtalar og vurdering av innsamla statistikkar for å beskriva team – organiseringa. Presentasjon og analysering av nøkkeltal for aktivitet. Det er monaleg færre innleggingar og opphaldsdøger, både i DPS – sengeplassar og akuttplassar, ved Haugaland / Karmøy DPS sitt team med psykolog- og legebemanning og 24/7 teneste. Det er fleire som mottek behandling ved dette teamet, og det er fleire pasientar med alvorleg psykisk liding samanlikna med Aust – Agder DPS sitt team med dagopningstid. Masterstudien kan vera eit bidrag til å fokusera på samanheng mellom opningstid og kompetanse i team og påverknad på akuttinnleggingar, opphaldsdøger og diagnosesamansetnad. Det er ikkje mogeleg å konkludera kor vidt det et er føremålstenleg å oppretta Akutt Ambulant Team og kva organisasjonsform som er å føretrekkja. Studien gjev ikkje svar på kva tilbod som har best kvalitet og gjev den største helsegevinsten.
Utgiver
The University of Bergen
Opphavsrett
Copyright the author. All rights reserved

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit