Hardstyret held fram. Ein etterrøknad i strukturelle vilkòr for framvoksteren av nye slag autoritære regime i Sentral-Asia etter uppløysingi av Sovjetsamveldet
Abstract
Denne masteruppgåva presenterer etnonasjonal demografisk samansetnad og innkomor frå eksport av råvareressursar som dei avgjerande strukturelle vilkòri for framvoksteren av nye autoritære regimeslag i dei sentralasiatiske republikkane Turkmenistan, Usbekistan, Kasakhstan og Kirgisistan etter uppløysingi av Sovjetsamveldet. Samanhengen millom desse strukturelle vilkòri og den avhengige variabelen regimeslag, er synt i ein samanliknande analyse med eit «most similar systems»-design etter Mills «Method of Difference», attved ei prosessporing av kvar av dei fire studieeiningane. I tråd med renteniststatsteorien syner uppgåva koss eksportinnkomor frå kapitalintensive råvareressursar so som olja og naturgass, styrkjer dei autoritære regimi i Turkmenistan, Usbekistan og Kasakhstan. Tilgangen til alternative kjeldor til eksportinnkomor frå bomull i Turkmenistan og Usbekistan, leider desse til å halda ressursane nasjonaliserte og gjev høve til å venta på at investorar kjem. Kasakhstan som vantar alternative innkomor, privatiserer oljeressursane for å trekkja til seg investorar med det same, og liberaliserer med det heile økonomien. Fråvera av råvaror i Kirgisistan leider kirgisiske styremakter til å liberalisera både politisk og økonomisk for å få lån og investeringar frå demokrati- og kapitalismepromoverande vestlege statar og organisasjonar som IMF. Dei demografiske vilkòri for framvoksteren av regime, er samansetnaden av etniske gruppor i landet. Dei etniskt homogene Usbekistan og Turkmenistan hev høve til å setja i gang eit nasjonsbyggjingsprosjekt som knyter presidenten sjølv til ein neopatrimonialistisk nasjonal ideologi med ein personkult som samlar all makt i hendene på faderen åt nasjonen, presidenten personleg. Etniskt heterogene Kasakhstan og Kirgisistan kann ikkje gjera dette sidan det finst ulike idear, tankar og synsmåtar på den nasjonale einskapen i store sjølvmedvitne usbekiske og russiske minoritetar. Desse strukturelle vilkòri dregne i hop er nytta til å tyda ut variasjonen i graden dei nye statane (ikkje) vert liberaliserte. Turkmenistan og Usbekistan liberaliserer ikkje noko, men innfører personalistiske styreset, Kasakhstan liberaliserer berre økonomien, og Kirgisistan liberaliserer både økonomisk og politisk.
Publisher
The University of BergenCopyright
The authorCopyright the author. All rights reserved