• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Comparative Politics
  • Department of Comparative Politics
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Comparative Politics
  • Department of Comparative Politics
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

To sider av same sak: Ein kvantitativ casestudie av haldningar til kommunesamanslåing og politisk legitimitet

Myklebust, Marius Tennøy
Master thesis
Thumbnail
Åpne
109002181.pdf (7.366Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/6948
Utgivelsesdato
2013-06-06
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Department of Comparative Politics [348]
Sammendrag
Oppgåva studerer årsaker til haldningar til kommunesamanslåing og korleis desse heng saman med legitimitetsgrunnlaget for kommunesamanslåingar. To kommunar, Hareid og Ulstein, utgjer casen for analysen. Analyseeiningane er individa som bur i kommunane, og datagrunnlaget er ei kvantitativ utvalsundersøking av eit utval av innbyggjarane i casen. Det teoretiske grunnlaget for oppgåva tek utgangspunkt i og byggjer vidare på den tidlegare forskinga på haldningar til kommunesamanslåing. Eg identifiserer to grunnleggande forskjellige syn på kva kommunen er, det kommunitære og det liberale. Desse to syna dannar utgangspunktet for to forskjellige typar politisk legitimitet: Input-basert og output-basert. Desse omgrepa representerer vidare eit skilje i korleis kommunesamanslåingar bor forståast og legitimerast. Denne studien søker ei meir balansert tilnærming til desse to typane legitimitet enn det tidlegare forsking på området har hatt. I den analysen blir det lagt vekt på kor vidt respondentane tek mest omsyn til input-baserte argument eller output-baserte argument når dei tek stilling til spørsmålet til samanslåing, og om det er skilnader mellom motstandarar og tilhengjarar av samanslåing når det gjeld kva dei legg vekt på. To input-variablar (omsynet til lokaldemokratiet og omsynet til den lokale identiteten) og to output-variablar (omsynet til det kommunale tenestetilbodet og omsynet til den kommunale økonomien) blir testa i analysen. I tillegg til input- og output-dimensjonane, blir fleire andre moglege forklaringar på haldningar til kommunesamanslåingar testa. Resultata av analysen viser for det første at input og output er fruktbare dimensjonar i forståinga av haldningar til samanslåing og legitimeringsgrunnlaget for kommunesamanslåingar. Motstandarar meiner omsynet til input er viktigare, medan tilhengjarar meiner omsynet til output-variabelen "det kommunale tenestetilbodet" er viktigare. Dette gir utgangspunkt for ein diskusjon av legitimeringsgrunnlaget for samanslåing i den analyserte casen. Eg argumenter for at det er eit godt output-basert legitimeringsgrunnlag for ei samanslåing i denne casen når det gjeld det kommunale tenestetilbodet, men at legitimeringsgrunnlaget er svakare når vi ser på den kommunale økonomien. Det input-baserte legitimeringsgrunnlaget er sentralt i forståinga av motstandarane sitt standpunkt til kommunesamanslåing. I denne casen argumenterer eg for at det input-baserte legitimeringsgrunnlaget for ei samanslåing er relativt svakt.
Utgiver
The University of Bergen
Opphavsrett
Copyright the author. All rights reserved

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit