Brukarhistorier med meining
Abstract
Formålet med dette studiet var å undersøkje om bruken av semantiske teknologiar bidreg til auka domeneforståing for eit utviklarlag. Difor vart det utvikla ein applikasjon, Semantizer, som nyttar den semantiske teknologien WordNet, applikasjonen SynsetTagger og ein metode for automatisk orddisambiguering for å velje riktig synonym til ord. For å evaluere om Semantizer bidreg til auka domeneforståing, vart eit eksperiment gjennomført. Eksperimentet bestod av tjue deltakarar, og etter dette vart det gjennomført intervju med tre av deltakarane. Det vart ikkje funne at Semantizer har ein effekt på domeneforståinga, men etter intervjua verkar alle intervjuobjekta positive til Semantizer og måten WordNet kan nyttast til å auke domeneforståinga i eit utviklarlag.