Møte med yrkesfagleg utdanning i den norske vidaregåande skulen
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2012Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Education [315]
Abstract
Artikkelen byggjer på ein kvalitativ studie av seks elevar sitt møte med vidaregåande skule, yrkesfaglege utdanningsprogram. Studien undersøkjer elevane sine perspektiv og refleksjonar kring overgangen mellom skuleslaga og vegen vidare i vidaregåande skule og ut i eit yrke. Overgangen til vidaregåande skule medfører kognitive og sosiale endringar for elevane, endringar som òg verkar inn på identitetsdanninga. Studien undersøkjer elevane sine opplevingar av desse endringsprosessane og kva konsekvensar det kan ha for vidare utvikling og læring.