"...same feila gong på gong!" Rettskrivingsavvik i Noreg og på Island
Master thesis
View/ Open
Date
2014-11-17Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Education [314]
Abstract
This master's thesis is a study about the view and practise of orthography in Norway and Iceland, a topic which has not been widely researched. This is a comparative study based on three topics: - relevant curricula in Norway and Iceland - what a selection of teachers think about the importance of orthography - the frequency and types of errors in six schools in the two countries As there are two written languages in Norway, we have chosen to base our study on nynorsk. The main research question in our study is: To what extent is orthography emphasized in Norway and Iceland? We have close-read the curricula from the two countries, and studied what they emphasize. In the study of teacher attitudes we have chosen a qualitative approach with semi-structured interviews. We have interviewed four Norwegian and four Icelandic teachers. In order to increase the breadth in our study, we have studied two schools in Norway and four in Iceland. These schools represent city and countryside in both countries. The material for the study of pupil's texts is 201 texts from 10th grade. We have used the quantitative method of excerption: a systematic close reading of the texts and extraction of errors. Emphasis has been laid on the most common types of errors, such as consonantism, vowelism, division of words and the use of capital and lower-case letters. Our study shows that orthography has a higher priority in Iceland, than in Norway. The Icelandic curriculum has a stronger emphasis on orthography than the Norwegian one. The Icelandic teachers are in addition spending much more time on orthography in their teaching, than the Norwegian ones. The study also shows that the Norwegian pupils are making more errors than the Icelandic ones. It appears that the majority of mistakes in Norway are errors linked to consonantism. In Iceland the most common type of mistake is wrong use of capital and lower-case letters. Denne masteroppgåva tek føre seg synet på og praksis når det gjeld rettskriving i Noreg og på Island, eit tema det har vore forska lite på. Det er ein komparativ studie på tre tema: - relevante læreplanar i Noreg og på Island - kva eit utval lærarar meiner om vekt på rettskriving - feilfrekvens og feiltypar i seks skular i dei to landa Sidan vi i Noreg har to skriftspråk, har vi valt å legge til grunn det nynorske skriftspråket. I studien vår har vi stilt følgjande forskingsspørsmål: Kva vekt vert det lagt på rettskriving i Noreg og på Island? Vi har nærlese læreplanane i dei to landa, og sett på kva det er som blir vektlagt. I studien av lærarhaldningar har vi valt ei kvalitativ tilnærming med semistrukturerte intervju. Vi har intervjua fire lærarar i Noreg og fire lærarar på Island. For å få større breidde i studien vår, har vi forska på to skular i Noreg og fire på Island. Desse representerer by og bygd i begge land. Til grunn for undersøking av elevtekstar ligg til saman 201 tekstar frå 10. klasse. Vi har nytta den kvantitative metoden ekserpering, ei systematisk nærlesing og registrering av feil. Det er lagt hovudvekt på dei mest utbreidde feiltypane, som til dømes konsonantisme, vokalisme, sær-og samanskriving av ord og bruken av stor og liten bokstav. Studien vår viser at rettskriving er prioritert i langt større grad på Island enn i Noreg. Den islandske læreplanen har også ei langt sterkare vektlegging av rettskriving enn den norske. I tillegg bruker dei islandske lærarane mykje meir tid på rettskriving i undervisninga enn dei norske lærarane. Studien viser også at dei norske elevane har langt fleire feil enn dei islandske elevane. Det kjem fram at i Noreg er det flest feil innan konsonantisme. På Island er den mest frekvente feiltypen feil bruk av stor og liten bokstav.