Formative Assessment: A Comparative Study of Learners' Perception of Video Feedback and Written Feedback, and the Perceived Effectiveness of the Feedbacks
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/19900Utgivelsesdato
2019-06-07Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [195]
Sammendrag
Tilbakemelding med fokus på vurdering for læring er eit viktig element for elevane si læring (Udir, 2015a). Hensikta med masteroppgåva i engelsk fagdidaktikk var å sjå nærare på vurdering for læring frå Vg1 elevar sin ståstad. Formålet var å utforska om elevane hadde ulike oppfatningar av videotilbakemelding og skriftleg tilbakemelding, ved å undersøkja haldninga og motivasjonen deira til dei tilbakemeldingane. Håpet er at elevane si haldning og motivasjon til tilbakemeldingane kan skapa ei betre forståing for om tilbakemeldinga er effektiv eller ikkje. Tanken er at tilbakemeldinga kan vera strukturert og ha inkludert prinsippa og forslaga for god formativ vurdering (Hattie & Timperley, 2007; Udir, 2015a), men dersom elevane ikkje engasjerer seg i tilbakemeldinga vil den ikkje vera effektiv. Sidan eg ikkje skal undersøkja elevane sitt læringsutbytte, har eg valt å kalla elevane si erfaring med tilbakemeldinga som skal innehalde god undervegs vurdering som «perceived effectiveness», eller «oppfatta effektivitet». Studien har samla inn empirisk data gjennom kvantitative og kvalitative metodar som bestod av spørjeundersøkingar og intervju. Undersøkinga blei gjennomført ved to vidaregåande skular der ein studiespesialiserande klasse frå kvar skule deltok. Funna i studien antyda at elevane liker både skriftlege tilbakemeldingar og video tilbakemeldingar. Samanlikna med deltakarane som fekk skriftleg tilbakemelding, påstod fleire deltakarar som fekk video tilbakemelding at den var tydeleg, detaljert, konstruktiv og inkluderte framovermelding. Deltakarane som hadde skriftleg tilbakemelding, indikerte at dei jobba meir med den skriftlege tilbakemeldinga når ein samanlikna dei med deltakarane som fekk video tilbakemelding. Studien konkluderte med at begge tilbakemeldingane hadde forbetringspotensiale og påpeika at elevar bør erfare både indre og ytre motivasjon. I tillegg bør tilbakemeldinga inkludera feed back og feed forward og vera tydeleg og detaljert, for at tilbakemeldinga skal vera oppfatta som effektiv.