Kva inneber utforsking i matematikk? Ein kvalitativ studie av lærarar sine tankar om utforsking i matematikkundervisninga
Master thesis
View/ Open
Date
2023-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [130]
Abstract
Utforsking i matematikken er noko som har fått meir merksemd dei siste åra, og spesielt etter LK20. Men kva inneber utforsking i matematikk eigentleg? Formålet med denne studien er å kunne sei noko om kva utforsking er og kva som kjenneteiknar det. Dette vil eg gjere ved å presentere ulike lærarar sine synspunkt, tankar og refleksjonar knytt til tema. Det er ein kvalitativ studie, som baserer seg på seks transkriberte lydopptak frå intervju, med seks ulike lærarar i Vestland fylke. Intervjua har blitt analysert, og vidare drøfta opp mot teori på utforskande undervisning. Resultata viser at dei fleste lærarane i prosjektet skil ikkje mellom problemløysingsoppgåver og utforskande oppgåver. Lærarane trekk også fram ukjende og kjende karakteristikkar på utforskande undervisning. Blant anna opne oppgåver, læraren som støtte og guide i eit ukjend landskap, der elevane må arbeide i uvissa om vegen dei er på, fører til suksess eller ikkje. Funna viser også at utforsking i undervisninga førebels kjem med ein del utfordringar, som kanskje vil bli mindre etter kvart som ein arbeider meir på denne måten.