Mobbeforskingas historie – forminga av eit forskingsfelt
Journal article, Peer reviewed
Published version
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2738532Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Fram til andre halvdel av 1960-åra vekte relasjonar mellom barn lite merksemd. Det endra seg dramatisk etter introduksjonen av mobbeomgrepet rundt 1970. Mobbing er i dag eit dagsaktuelt problem i skulen med tilhøyrande tiltaksprogram, samt eit stort internasjonalt forskingsfelt. Basert på eit historisk kjeldemateriale, m.a. forskingslitteratur om mobbing, avisartiklar og politiske dokument frå 1970-talet og utover, viser denne artikkelen korleis mobbeforskinga blei forma i skjeringspunktet mellom vitskap og politikk. Norsk mobbeforsking utvikla seg til å bli ein særeigen måte å vita på, kalla teknovitskap, kjenneteikna av forsking på mobbing, utvikling av tiltak og forsking på effektane av tiltaka. Eit sentralt trekk ved utviklinga er at forskarane og politikarane drog nytte av kvarandre i dette arbeidet.